Inagi

15. april 20211 min

Buøyferie-skuta

Oppdatert: 16. april 2021

Alle einingane her på bruket har hatt sitt eige namn i alle år. Men sidan vi saknar skuta vår, Buøy, som du kan lese om HER - fann eg ut at vi får kombinere skute og buer og alt som er. 😉💚💙

So då er det offisielt. Andreasbua har omsider fått opp det vi kan kalle pseudonamn på leiligheitene - og no kan de overnatte på Styrmannslugaren, Kapteinlugaren eller Matroslugaren. Og det heilt utan å verte det minste sjøsjuk eller våt på føtene. Med beina godt planta på fast grunn kan ein heilt trygt nyte ideèn om å vere på ei skute på havet.


 
Ja, sjølvsakt; Også einingane på Pernillestø har fått maritime pseudonamn - der ein bur i / på forskjellige deler av Buøylandsferie-skuta vår. Alle rom på kvar eining har også relevante namn. Du og reisefylgjet kan no f.eks. krangle (med godt humør, håpar eg) om kven som skal sove på Akterpiggen og kven som då må sove på Forpiggen. Kjem de ikkje til einigheit, kan de fortsette diskusjonen på fergja utover - og kanskje spørje mannskapet der om råd og veiledning.

No var ikkje gamleskuta vår så stor at den nødvendigvis inneheldt alle dei namna som no er å finne, men ei drøymeskute kan vere nett so vi vil.

Her ska ikkje røpast alle merkelege stader du kan hamne når du kjem hit.. 🙄😄 Men det kan vel dukke opp noko meir om saka, sånn litt om senn, kanskje. God reis! 🧡

    3890
    0