free hit counter
Om Oss Bulandsferie.no

Om Oss

 *Autentisk Avslappa Personleg*

 

Bulandsferie vart starta i 1989, og sidan då har mange

fått mogelegheit til å komme ut hit og nyte denne
perla i havet. Det var tanken bak heile prosjektet.. At det
skulle være mogeleg også for folk utan tilknytning til Bulandet å
få oppleve ein slik stad.

 

Vi vil at flest mogeleg skal få sjansen til å komme seg hit ut - og oppdage øylandet i vesterveg.

Mange har sigla hit opp gjennom århundra, men mange har det enno til gode. ;-) Når du kjem, håpar vi du vil

kunne både sjå og forstå kvifor folk har klora seg fast her ute gjennom alle tider - Men mest av alt

håpar vi du kan ta med deg ein spesiell skatt heim. Ein skatt som kun finnast i små, halvvegs bortgøymde stader langs vår ytterste kyst.

 

Filosofien vår var, og er den samme i dag; Tida vi lever i er så metta. Vi
trur at alle menneskje treng eit pusterom. Dagar der tida
ikkje ropar på oss, men gjev oss anledning til å kjenne
at vi kan være oss sjølv utan alt det andre som omgjev
oss til dagleg. Å kunne sjå at vi tyder noko nett slik vi er, utan å jage etter neste time og dag.
Då er det godt å vite at det finnast ein slik stad som dette. Høgt
under himmelen og med vid horisont.
Her ute kan du verkeleg sjå stjernene. Her er ingen konkurrerande
lys om natt. Og stilla har sin eigen måte å få oss til å undrast.. ;-)

 

Vi ynskjer deg Velkommen! 

 

Utleigeeiningane våre er fordelt på tre bygg på garden Nordre Gjelsa. Den første som kom til var Pernillehytta i 1989,

som då var den første eininga til korttidsutleige i Bulandet. Gjennom vinteren og våren 1991 vart så den gamle rorbua vår

innreda med tre bueiningar. Andreasbua var opprinneleg bygd i 1897, og husa både arbeidsareal og utstyrslager, og

i periodar budde her også fiskarar som var med båtar her ute. Det var triveleg å kunne gje bua nytt liv, med nye gjester.

Vinteren/våren 1992 vart det så innreia to leiligheiter i eit bygg på kaia nedanfor Pernillehytta, kalla Pernillebu.

 

Alle einingar har vore oppgradert igjen i seinare tid.

 

 “Langt ut i vest der havet storfælt bryt, der ser du mange øyar opp seg skyt.

Og om du tel dei vil du få til svar, at talet er som året dagar har.

Om desse øyar er eit løynleg band. Dei samlar seg i namnet Bueland.

--- Vi elskar kvar ein holme, kvar ei øy. Her vil vi leva og her vil vi døy.”

(utdrag frå Bulandssongen.)

 

 

Ingrid Anita.




Dagleg leirar: Ingrid Anita Gillesøy
Mob. 91691918

 

Kontaktperson 2: Gunlaug Gillesøy

Mob. 91647196

E-post: bulandsferie@gmail.com
6987 Bulandet

 

Lik oss gjerne på Facebook. <3

Facebook

 

Det er fint om du vil like sida vår. ;-)

Og del gjerne. Tusen takk! <3

ring oss !

+47 91691918

 

Bulandsferie - Heim
Bulandsferie

© I.A.G. Bulandsferie, Nordsjøvegen, 6987 Bulandet - Norway