free hit counter
Blogg??? Kva tenkjer du på no, Ingrid? ;-))

Blogg??? Kva tenkjer du på no, Ingrid? ;-))

Oppdatert: mai 12

Tja, eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på blogging - faktisk ikkje i det heile. Men dersom eg tenkjer at dette slett ikkje er ein blog - berre ein plass å legge inn litt poster om eitt og hitt, sånn når eg får ånda øve meg, så er det greitt. Vi kan kalle den for ein informasjon- og tankeboks. ;-)

I fyrste omgong er planen å legge inn litt av dei postane eg har lagt inn på Facebook-sida. Poster som kanskje har meir form som passer her, og som kan være greitt å ha betre tilgong til. Det får bli etter kvart som eg får tida. Og kva då som elles måtte dukke opp her, får også tida vise. Ingen veit. Heller ikkje eg. ;-)

Om ikkje her er så mykje å finne, så ikkje fortvil. Det finnast eit utal bloggar der ute på

"the Wild Web". Der er meir enn nok galskap å fylle tida med, om ein ynskjer det. ;-D

Ha ein fin dag der du er! <3




0 visninger

Facebook

 

Det er fint om du vil like sida vår. ;-)

Og del gjerne. Tusen takk! <3

ring oss !

+47 91691918

 

Bulandsferie - Heim
Bulandsferie

© I.A.G. Bulandsferie, Nordsjøvegen, 6987 Bulandet - Norway