Her ser de skrinet til eine tipp-tipp-oldefar min, Andreas Willumson, f. i 1812

Skrinet er nedarva gjennom generasjonane - og for øyeblikket er det hos meg. 💚 Eg reknar med han har fått det til 16-års dagen sin i 1828. Eller muligens til konfirmasjonen. Barnebarnet til Andreas Willumson var då min oldefar Andreas Knutson, som bygde Andreasbua. På leiligheita i tredje høgda, "Buatoppen", heng bilde av oldefar Andreas og fru oldemor Anna på eine soverommet. Desverre har eg ikkje bilde av tipp-tipp-oldefar. 😉 Men det er veldig kjekt å kunne sitte med skrinet hans i nevane. Røter er bra å ha. Sjå tekst under bilda.
- med glede delt av Ingrid Anita - 🤩
Skrinet til tipp-tipp-oldefar, med skikkelege beslag, handtak og lås med nøkkel.
Det kan være mykje rart i eit gammalt skrin.. og da e da i ditta her og..
Andreasbua - sett frå nord, med markblomstre, som også er godt synleg frå glasa i bua :) på den tia tå året når dei e dar 😁
Støvlane seier ikkje kven som eigde dei - men det er vel stor sjanse for at det var oldefar Andreas sine.:) Lykta har han sikkert brukt og.
Oldefar Andreas Knutson Gillesøy f. 1870 og oldemor Anna Johansdtr. f. 1867. Bildet er frå ca 1894, då dei var på veg heim att i Bulandet frå Usa. :) Jadå, dei var der borte i nåkre år beggje to, og kom heim att so eit par. Trur vi må kallje da å gå øve bekken itte vatn. Ho var frå nabobygda, Værlandet.
Ei gamal åleruse heng i taket på Buatoppen. Den har ikkje våre fiska med på månge månge år, må vete - men den får seg ein liten luftetur ut av og te.
Litt av Buatoppen. Bildet på veggen viser heimehuset og Andreasbua på 1920-talet, rett før bua vart påbygd ein del.
Dar heng bildet av byggherren av Andreasbua på veggen på eine soverommet.
Eg kjende meg forplikta (dog med glede) å lage ei klokke til eine veggen i bua.. :) Oldefar Andreas omkom på sjøen i 1902, og vart berre 32 år.
Utsikta frå eine soverommet.
Litt av "Buatoppen" med sett frå spisebordet i den gamle vindearka.
Andreasbua vår - ei vaskeekte sjøbu og rorbu - anno 1897 - med endringar i 1922, 1952, 1990 og i 2016. I ein annan post skal eg skrive litt meir om desse endringane. ;-)

Comentários