Web Analytics
 
  • Inagi

Frå viktig utstyr til Dekor.



I eit hjørne av Pernillestaua heng ei samling med gamle sjablonger av blikk. Dei vart brukte til å merke fiskekasser når dei skulle sendast. ;) Det er kjekt å kunne ta vare på slikt som er ein del av historia til familien, garden her, og fiskerisamfunnet vi tilhøyrer. 💚


Byer: #Birmingham, #Grimsby, #London, #Hull, #Newcastle, #Oslo, #Trondhjem, #Bergen, #Nidaros. I tillegg merka: Smaalax, Kilo og K&A (som sto for Karl og August - som var farfar August og bror hans.) 🙃


På enden av bordet ligg bl.a. eit sokalla vadbein - som vart sett på ripa på båten, til å dra fiskesnøret over. Også det er merka med initialer: KAG (dei samme to + etternamn.) 😁 Inderst i hjørnet heng ei gamal båtlanterne - vel brukt - med hatt og glasramme i kopar. Det heng ei tilsvarande i motsett hjørne. De kan sjå dei i bruk på dette bildet av gamleskuta vår.


1 visning0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle