Web Analytics
 
  • Inagi

Nordre Gjelsa, Bulandet - Litt lokalhistorie, litt sjølvbiografi - og anna. 😉

Oppdatert: april 14





Slekta mi på farsida har budd på denne øya/garden så lenge ein finn skriftlege kjelder på dette. I alle fall frå starten av 1500-talet, truleg lenger. Andre stader her på heimesida vår finnast det skriverier om litt forskjellig. Likevel kan det være greit å dele noko av det her og. For eksempel om korleis namnet på øya her har endra seg opp gjennom hundreåra. ;-) Dette kan de lese om nederst på DENNE sida.


Pernillestø, (på høgre side av bildet over) som ligg under garden Nordøy, Nordre Gjelsa, har fått namnet etter ei dame med namn Pernille. Ho var fødd i 1799. Historia om dette finn de under "Gjestehamn" på nettsida.


Pernille var også tanta til Katrine, og mannen Mourits var onkel til Knut frå Gjelsa. Katrine og Knut vart gift i 1888 og var mine tippoldeforeldre.


150 - 200 år seinare

-Men historia sluttar ikkje der. Mange år seinare planerte farfar og far min ut eit område der borte. Og enno seinare bygde far min, Arvid Gillesøy kai der. Dette fordi det var godt å kunne gå inn hit rett sørfrå, når det var stor sjø nordom landet. Det var også snarare å gå inn hit med båten enn å måtte gå heilt nord om og inn att på andre sida av øya. I 1989 sette han opp “Pernillehytta” litt opp i bakken oppom kaia. Dette var då det aller første bygget for vanleg kortidsutleige i Bulandet. ;-)


Det vart planlagt eit bygg på kaia. Nok er at pappa og bror min starta så smått med å sette opp grunnmur til dette bygget. Planen var å bruke første etasje til verkstad, og i andre etasje tenkte bror min å eventuelt lage seg ei leiligheit til eige bruk. Men... dei kom ikkje lenger enn å sette opp halve grunnmuren. I Oktober 1990 var ulukka ute, og begge omkom på sjøen. - Dette er del av historia, så den får takast med, sjølv om eg ikkje går meir inn på det her.


I alle fall vart det bestemt at om vi skulle fortsette å være her ute, måtte noko gjerast. Så i løpet av hausten (like mykje som terapi som noko anna) starta vi å rydde ut av gamlebua, Andreasbua, og gjennom våren 1991 vart den pussa opp og innreda med 3 leiligheiter. Deretter, frå hausten 1991 til sommaren 1992 vart “Pernillebu” reist og innreda - med to mindre leiligheter i 2. etasje, og møterom/matsal, kjøkken, vaskerom og toalett/dusj i første etasje.


Så frå sommaren 1992 har vi leigd ut alle dei 6 bueiningane på Nordre Gjelsa i Bulandet. ;-)

Eg sjølv reiste att og fram mellom Bulandet og oppgåvene her, og jobben min annan stad. Det var slitsomt. Så i Mars 1992 tok eg eit val, og flytta heim att. Eg flytta så inn i “Pernillebu 1” så snart sommarsesongen 1992 var over. Der budde eg i 5 1/2 år, og trivdes veldig godt. ;-)


Mor mi, Gunlaug, hadde i mange år også kafe` i 1. etasje på Pernillestø, og har bl.a. laga så mange liter med fiskesuppe at eg vågar ikkje rekne på det. Men den fiskesuppa vart vi aldri lei av. ;-) Gjestehamna/kaia var flittig brukt i mange år, og det var triveleg med mykje liv og røre der. Det er sjølvsakt fortsatt gjestekai - så for dei som vil ha ein rolegare stad å ligge enn dei større gjestehamnane her, så finnast det altså mogelegheit for det.

I mange år serverte vi også middag til større grupper på bestilling. No er det ikkje open kafe` på Pernillestø lenger. Trist er det sjølsakt på ei vis, men ein får ta tidene som dei er. Ein kan ikkje nå over alt. Det er nåkre år no sidan mor mi måtte gje seg med kokkeleringa, og vi overlet soleis matservering til andre her ute. I staden kan grupper som leiger hos oss også leige Pernillestova med kjøkken til eige bruk medan dei er her. Det er også mogeleg å leige den for andre samlingar.


I 2015 starta eg arbeidet med å pusse opp bu-einingane - som då var slitne etter mange år i drift.

Pernillehytta, som altså var den som hadde heldt ut lengst, vart fiksa først. Deretter dei fem leiligheitene, etter kvart som eg nådde over det.. ;-) og til slutt også Pernillestaua med kjøkkenet og anna. Sjølv om det med dette har endra seg dei siste åra, kjem eg sjølvsakt aldri i mål. Det er alltid noko som skulle ha vore fiksa, eller endra til det betre. ;-) Men når det til tider kjennest "alt for mykje" for ei lita havheks som meg, så får eg hugse kva far min sa;


"Vi skal gjere så godt vi kan, og gjere ting ferdig så langt vi rår. Men lat det stå att nåke te irritere seg på - - For den dagen ein kan seie seg "heilt ferdig"

- ja då er ein faktisk heilt ferdig. " ;-)


Det var historia så langt - i veldig korte trekk. ;-) Korleis den vil fortsette er ikkje godt å spå. Vi veit at mykje kan skje, og livet er både spennande og utfordrande. Kystkulturen har lang og sterk historie og tradisjon, med mange nedturer og oppturer gjennom århundra. Mange stader har det blitt fråflytta etter kvart, men her i Bulandet har vi no ikkje ville legge inn årane frivillig ;-)) Vi står i det til vi blir henta, tenkjer eg. ;-D


Og enn så lengje er eg her. Og de er Velkomne. 💚💙💜


Ingrid Anita




9 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle