Web Analytics

Standhaftige øybuarar.

- Ei lita fuglehistorie -


:) I påvente av vår og sommar, tenkte eg å fortelje ei lita historie frå kvardagen i Bulandet ;) Denne frå ein gong på 70-talet.


På øyane her ute hadde folk sjølvsakt dyr på småbruka sine. Det hadde vi og - heilt opp til ca 1994. Kvar sommar var det tid for slotten - då gras skulle slåast til siloen og tørkast i hesane - så dyra hadde mat gjennom vinteren. Sidan dette er små øyar, var kvart einaste lite grasstrå viktig, og vi slo gras så langt ned mot sjøen som mogeleg.. heilt ned på berga. På ein spesiell plass på desse berga ned mot sjøen var ein høgt elska plass for svartbaken å lage reir. Dette er ned med sundet, rett nord for rorbua. Det var ikkje akkurat noko optimal situasjon for oss som skulle arbeide i nærheita. Det var frykteleg vanskeleg å få jobben gjort når sinte, store måsar stupte frå himmelen for å kakke oss i haua. ;) Vanlegvis vart vi kvitt dei med å fjerne alle 3 egga frå reiret - Når det skjedde eit par gongar, forlet dei som regel dette reiret og fann seg ein annan stad.


Eit spesielt år hadde vi fått eit nytt par på dette berget. Det var igjen eit par svartbakar. Og dei var tydelegvis unge og svært bestemt på å få ungane sine på denne flotte staden. :) Som vanleg starta vi med å fjerne dei tre egga. Måsemora la nye egg. Igjen tok vi dei tre egga. Måsemora la nye. Etter at dette hadde skjedd fire gongar, og dei fortsatt ikkje viste tegn til å ville flytte til eit anna berg, tok far min ei heil bøtte med grus og tømde oppp i reiret -etter at dei neste 3 egga var fjerna. Etter berre ein dag eller to såg vi måseparet ligge der igjen! :o Då vi gjekk for å sjekke såg vi at dei hadde fjerna kvar enkelt liten stein - ein etter ein, ut av reiret. Hehe.. Dei hadde lagt tre nye egg, og såg ut til å være svært så fornøgd med seg sjølve.


Neste steg for oss var å igjen fjerne dei 3 egga, og legge *Ein stor stein* i midten av det tomme reiret. Yes!! No hadde vi dei - endele! Det handlar om å være smartare enn måsane. Det er heile trikset! :D

Neste dag.... låg måseparet der igjen. Dei hadde laga seg eit nytt reir rett attmed den store steinen. No hadde dei i tillegg eit slags le mot trekken frå nord - og det var blitt endå koselegare. :D Tre nye egg var på plass - og svartbakane var lukkelegare og stoltare enn nåken gong før.


Vi bestemte oss for å late dei bli. Dei hadde vunne! Vi måtte berre finne ein måte å klare oss igjennom det. Det snodige var at på grunn av denne pågjersla med reiret - og skal vi seie samhandlinga, mellom oss og måsen, så hadde dei blitt van med oss. Difor brydde dei seg ikkje om at vi gjekk og trakka og arbeidde kun få meter frå dei. ;)


Vi og svartbaken levde i fred og gjensidig respekt resten av sommaren......


- Ingrid A. Gillesøy -



(posta på FB 28.2.2016)

0 visninger

Siste innlegg

Se alle

Facebook

 

Det er fint om du vil like sida vår. ;-)

Og del gjerne. Tusen takk! <3

ring oss !

+47 91691918

 

Bulandsferie - Heim
Bulandsferie

© I.A.G. Bulandsferie, Nordsjøvegen, 6987 Bulandet - Norway