Web Analytics
 
  • Inagi

Vi saknar skuta vår ! 💙

Oppdatert: april 19

Dette bildet er av skøyta vår, M/S Buøy - eller M/S Idun som den heitte då bildet vart teke.



Dette var ei sokalla Lister-skøyte, bygd på Lista i 1910. Ho var bygd på seglskutemodell, (kryssar) og var fantastisk god i sjøen. Ho klatra på bylgjene, og retta seg fort oppatt ved slingring. ;-) Den var Norges fyrste frakteskøyte med motor. Den har også vunne bronsemedalje i ei seglkonkurranse. 😍 (oppdatering kjem - inkludert opplistinga av fiskeri og anna ho har vore med på.)


Farfar August Gillesøy og bror hans, Karl Gjelsa kjøpte skuta i Januar 1925. -- Under krigen var det for privatpersonar ikkje lov å byggje nye farty. Difor sette karane i 1943 i gong med å "reparere". Men denne reparasjonen var å skifte ut stort sett alt av treverk i skroget - men på den gamle lesten. Slik vart dama nesten ny - og nesten heilt lik slik ho var opprinneleg. 😉 Ho vart også forlenga litt på eit tidspunkt. Dette var i 1953. Ho var no 56,9 fot lang og 16,7 fot brei.

Skøyta heitte opprinneleg M/S Idun, og vart registrert med SF 145 A då den kom hit til Bulandet. På eit tidspunkt ramla ho ut av fiskeriregisteret ved ein feil, og då dette vart retta opp fekk ho nytt registrernigsnummer; SF 147 A. Far min, Arvid, tok over onkelen sin del i 1961, og den andre delen etter far sin i 1966.

Ho fekk også ny kjole på, då ho vart malt lys og fin og gul på skroget. 💛 Dette var nok muligens i 1962, i samband med at pappa gjekk inn som eigar, og skøyta fekk namnet

M/S Buøy.


Slik kjende vi henne.. Ho fekk eit anna styrehus og "ny" motor på slutten av 70-talet, og var i dagleg drift heilt fram til 1988. I eit par år etter det brukte far min den til andre saker. Blandt anna var han på havfisketurar med gjester.


Då karane våre vart borte i 1990, var det ikkje så godt for oss å nytte skuta. Det enda difor med at vi - med tungt hjarte - selde den i 1992. Den 2. Mai dette året for skuta vår, M/S Buøy, ut sundet, og sørover Buefjorden. Det var ufattleg trist. Ho hadde vore ein del av livet til tre generasjonar her på Nordre Gjelsa i Bulandet, og ho var godt teken vare på.💚


Systa mi og eg fann ut at vi måtte synge ein avskjedsong til Buøy - og vi dikta ei enkel vise med vi sto der og vinka. 😊 Deretter skreiv vi det ned, og sende det etter skuta vår. Det vart så hengt opp på veggen i lugaren ( i forpiggen) ;-)


Desverre vart ikkje skuta brukt så mykje av dei nye eigarane som planen var - og den vart etter kvart i dårlegare forfatning. Det var, så vidt vi veit, to eigarskifter til - men for nåkre år sidan enda den sine dager i Osterfjorden ein stad, og har no truleg blitt opphogd.

*sjå info nederst.


Ei fantastisk skute, som var levebrødet til oss her på bruket i mange år, og som også har gitt oss mange gode minner. 🥰💙🧡


Det er fint å tenkje på at det likkje diktet vårt fylgde M/S Buøy frå ho forlet oss, og så lengje

ho var. 🤗 Vi fekk stadfesta av seinare eigar at avskjedsbrevet vårt fortsatt hang i lugaren.

Ho hadde oss med seg i sitt indre - heilt til siste slutt. 😊😁


Avskjedssang til M/S Buøy.

Mel: Lille vakre Anna


Kjære, vakre Buøy, Hei på deg

Da du reiste fra oss ble vi lei

Vi kan ikke glemme din berømte stemme

Dunk-dunk-dunk, dunk-dunk-dunk, dunk-dunk-dunk.


Her vi rusler opp og ned vår vei

Tenker kun, ja tenker kun på deg

Våre hjerter banker, såre tunge tanker

tynger våre liv - å huff, å nei.


Men en dag du kanskje vender hjem.

Da skal vi stå klar med kyss og klem.

Det er kun til deg, du, for vi elsker deg, du

Kjære gode, gamle skøyta vår! 💛


😁


Her er eit bilde av M/S Buøy i gul kjole. Desverre ikkje så klårt, men betre enn ingenting.

Dette er teke i 1991, etter at Andreasbua var pussa opp, no med dei tre rorbu-leiligheitene

klare for utleige. 💚 Vi hadde skøyta i eit år til - men ho trengde jo og omsorg og puss, og etter som tidene endrar seg, må ein også akseptere at det ikkje er alt ein kan klare å ta seg av.



Sånn i ettertid er det greitt å dra med seg minna etter ei skute som låg

attmed Andreasbua i mange mange år - og samle skute og buer til

eit stort minnesmerke; Etter karane i dei fire generasjonane som var del av

huset, bua og skuta på Norøy, Nordre Gjelsa, Bulandet frå slutten av 1800-talet til

1990; Andreas, Karl, August, Arvid og Tor. 💚


Og so fortset historia.... Mykje har endra seg sidan starten av 1990-talet.

Ingen veit kva framtida vil bringe - men nett no er fleire av bygga på bruket

uløyseleg knytta til ei skute - i alle fall i ånda. 🤩 Sjå berre Her !

Tidslinje:


Så vidt vi veit var det eit nytt salg / eigarskifte. No vart skøyta slept inn i Osterfjorden.

Hensikta var nok god no også, men den vart etter det vi har forstått liggjande lenge på

Trengereid. Den kom aldri i stand att. Enda på visa er fortsatt usikker, men vi vil prøve å

finne meir informasjon. Skulle nokon som les dette vite meir, så ta kontakt. 😉


















76 visninger0 kommentarer