Web Analytics
Bulandsferie - Overnatting i Rorbu Sjøhus Leiligheter i Bulandet | Vestland
top of page
Bulandsferie

Autentisk Avslappa Personleg

 Overnatting i Rorbu- og Sjøhus leiligheter 

​

Her finn du Lyse og trivelege bueiningar med særpreg og sjel

for overnatting i Bulandet - ytterste øyane i Askvoll, Sogn og Fjordane.

Så langt vest som det bur folk i Norge - her er vi!. ;-)

 

6 bueiningar fordelt på 3 bygg, med totalt 26 sengeplasser + 4.

Passer for både jobb- og fritidsreiser. Ta kontakt.

 

Gjestebrygge - Møte/Samlingslokale - Båt/kajakkutleige 

 

Tlf. +47 91 69 19 18 - bulandsferie@gmail.com

© iag-bulandsferie.no

Overnatting

Buatoppen - sett fra spisebordet

Andreasbua, med tre leiligheter,

Pernillebu med to leiligheter  og Pernillehytta.  Sjå info om dei forskjellige bueiningane her. 

Selskap - Møter

Pernillestaua, Bulandsferie.no

Pernillestaua har plass til 34 personer.

Kan leigast med kjøkken.

​

***

Gjestekai - Camping

Del av kaiområde på Pernillestø

- Pernillestø Gjestehamn - 

Bubil- og Camping etter avtale. Få plasser. 

​

***

Eit lite land i den vide verda - men eit stort land i hjarta våre ;-)

Du er Velkommen i Bulandet!

​

Mange har oppdaga det - men slett ikkje alle ;-) 

Bulandet ligg lengst ut i havet  i Askvoll kommune, Sogn og Fjordane - Vestland.

Når du kjem med ferge eller båt frå fastlandet, siglar du forbi det kjende landemerket Alden, 

"Den norske hesten".  og kjem til Værlandet. Då startar du på siste del av vegen, kalla Nordsjøporten.

​

Her, over bruene mot dei ytterste øyane i landet har du god utsikt. Du kan utforske alt i hop,  til fots - gjennom Nordsjøportløypene, på sykkel eller med ein liten båt gjennom sunda. 

​

Vil du speide mot Shetland er det her du finn kortaste avstanden.

Du kan ta selfi med platforma Gjøa i bakgrunnen (for dei som ser godt)  - eller

gå på kne på jakt etter Blåstjerner (for dei som ikkje ser så godt). 

Du kan sitte i eit kamskjell og filosofere, eller padle mellom 365 øyar.

 

Medan du er her, kan du bu i ei av 6 lyse og trivelege bueiningar, lokalisert på øya Gjelsa,

midt i Bulandet. Rorbu, sjøhus eller hytte - valet er ditt.

Her hos oss bur du midt i kvardagen

i eit levande fiskevær - som har overlevd alle stormar så langt. 

Rorbua er godt over 120 år gamal - med ein unekteleg sjel i veggane. Her kan du lytte

etter historisk sus og sjøen som skvalpar under bygget.

Pernillebu er nyare, med ei litt annan atmosfære. Alle einingar har sin eigen melodi.

Om det er stormen eller stilla som møter deg når du kjem, kan vi ikkje spå.

Tør du prøve? - Eller rettare sakt:  Når kjem du? :-)

​

​

​

​

Bulandet

Bulandet - mot vest

- Langt ut i Vest der havet storfælt bryt - men ikkje alltid...  ;-)

 

Tilbakemeldinger

Ann-Kristin B.

Her kan alt anbefalast,-naturen vertskapet og innkvarteringa. Vi har sove godt og kosar oss i vedunderleg natur. Alle bør unne seg ein tur i Bulandet i løpet av livet.

Espen M.

Flott sted, vakker beliggenhet og fantastisk vert!

Aud S.

Flott plass med sjel, og ei fantastisk vertinne som gjør sitt beste for at en skal ha det fint. 

Rune E.

Kjempefint og koseleg. Hyggelig vertinne. Rent og pent. Praktiske løsninger. Gode rom. Flotte omgivelser.

bottom of page