Web Analytics

Velkommen til Pernilestø Gjestehamn 

Pernillestø sett frå aust

Plass til ca 6 fritidsbåter.

Tilgang til dusj/wc,

Utemøbler, grill, vatn og straum.

 

Lita og fredeleg gjestehamn for dei som ynskjer rolege dagar utan for mykje trafikk. Gjestehamna ligg på austsida av Gjelsa. Leia går inn sundet ved Hovden, forbi Nikøy vidare inn sundet på vestsida av Hågøy. Kaia ligg då på babord side litt før du kjem til "Hita-brua". 

 

På kaia ligg også sjøhuset, som har to leiligheter i andre etasje. Pernillebu 1 og Pernillebu 2 + Pernillehytta.

Sjå "Overnatting".

 

Her kan også plasserast 2 bubilar etter avtale. I tillegg plass til eit par telt  på utmarksområdet rett attmed.

Både teltplass og plass til bubil kan bestillast og betalast på førehand på spesifike datoer.

 

Ta kontakt på telefon +47 91 69 19 18

Litt Lokalhistorie

 

 

Pernillestø, som ligg under garden Nordøy, Nordre Gjelsa, har fått namnet etter Pernille Sørensdotter frå Gjørøy - ei naboøy mot aust. ;-) Ho var fødd i 1799.

 

Pernille hadde eit godt auge til Mourits (Gillesøy)  i Gjelsa. Ho gjorde seg difor ofte ærend dit. Men for å gjere besøka litt lenger, rodde ho alltid frå Gjørøy til denne støa på austsida av Gjelsa. Herfrå måtte ein gå over ei vik/fjøre. Dette let seg berre gjere på fjøre sjø. Når floa kom, måtte ein vente 5-6 timar. Dersom dette intraff på kvelden, måtte ho overnatte.

Etter som historia gjekk, skjedde dette både titt og ofte. Dermed fekk Pernille det som ho ville, og vart gift med Mourits i 1821. ;-)

 

Dei fekk ein son i lag i 1825. Men ho vart enke allereie i

1832. Ho gifte seg oppatt 2 gonger til, og fekk tilsaman 6 born.

 

Pernille var også tanta til Katrine, ei anna dame frå Gjørøy,  og Mourits var onkel til Knut frå Gjelsa. Katrine og Knut vart gift i 1888 og var mine tipp-oldeforeldre.

(Sjå historia på sida "Bulandet")

 

Noko av det kjæraste Katrine eigde var ein gyngestol - Den har eg tatt vare på. Og den kan fortsatt brukast til filosofering og andre tankeeksperiment. ;-) ;-)

 

- Ingrid A. Gillesøy -  

Pernillestø sett frå nord

På Pernillestø er det sittegrupper på kaiområdet. Vannslange på kaia. Strømuttak, Sløyeplass både i eige skur og ute. Inne i bygget får ein tilgong på wc/dusj, plass for oppvask, vannkokar, tilgang til frysar for kjøleelement.  Her er også vaskemaskin / tørketrommel som kan brukast for pris pr vask. 50/50. Vippsast.

 

Båtar kan legge til kai når det er plass. Ta så kontakt.

Bubil og andre må ta kontakt for å få tilvist plass. Vi tek ikkje meir enn 2 bobiler og eit par telt - avhenger av anna bruk på området. Ring +47 91691918. 

Pris: 300,- pr døgn.  Betalast på VIPPS nr 616195.

Tippoldemor Kathrine sin gyngestol
Kaiområdet på Pernillestø

"Tror du da, at det du søker
står i bøker
eller at du gjennomskuer
dine hemmelige feil
ved å stirre inn i et speil?"

Knut Ødegård

Når du kjem langs vegen, er det her du tek av til Pernillestø. 

Vegen opp til Pernillestø
Pernillestø sett frå aust
Kaiområde på Pernillestø med Hitabrua rett fram.
Button-TTT-B.png

ring oss !

+47 91691918

 

Bulandsferie

Facebook

 

Det er fint om du vil like sida vår. ;-)

Og del gjerne. Tusen takk! <3

Google - Rating og tilbakemelding

Legg gjerne inn bilde også. ;-) Takk!

Bulandsferie - Heim

© I.A.G. Bulandsferie, Nordsjøvegen, 6987 Bulandet - Norway