Web Analytics

- Dette er Bulandet -

Bulandet er den vestlegaste øygruppa og fiskeværet i Noreg.

Og her bur vi heile året. ;-)

Denne perla av ei bygd ligger i Askvoll kommune i Vestland (Sogn og Fjordane). Det seiast å være 365 holmer og skjær her, omkransa av smale sund med grunne båar - Sjølv om det til tider kan virke nake og forblåst, er det like fullt eit paradis, med viltvoksande blomar i sterke fargar, og eit yrande fugleliv. Sjølv oteren har flytta attende.


Busetnaden er spreidd på ein del av øyane, som er bundne saman med vegar og bruer. Den 17. Desember 2003 opna vegprosjektet "Nordsjøporten", som knytte saman Bulandet med nabobygda Værlandet litt lenger aust. Der både passasjerbåt og ferje måtte staure seg heilt ut hit tidlegare, kan no ferja gå til Værlandet i staden. Resten av vegen tek ein no med bil eller buss. Ei annleis oppleving enn før, men fortsatt svært vakkert. Nordsjøporten fekk også "Vakre vegars pris" i 2005.

Dei 365 øyane i Bulandet skapar eit svært spesiellt landskap.

Bulendingane tel ca. 270 mennesker, og er eit folk prega av optimisme og ein umiskjenneleg humor. Der er nok vikingeblod att i alle fall i nokre av dei. ;-)

 

Folk her ute har og snakka ein spesiell dialekt, som nok

ikkje alltid har vore så enkel for alle å forstå. ;-) Men med

dei unge i dag, er det ein stor fare for at den vil bli meir eller mindre omskapt eller borte .

Og vi har alle tilpassa oss så godt som mogeleg med åra. Likevel.. dialekta finnast fortsatt - og er du så heldig å treffe på ein Bulending med du ventar på bussen ein eller annan stad - eller forsåvidt ikkje ventar på noko som helst, kan du kjenne han att på ordlyden:

 

"Kor i ver`ne e da vårrtn tå dinnja bossa? Da e no horriblet ka trege`anj e i ditta

syrrpanjde synnjaråkja."

 

eller om fineveir:

 

"Hanj e no so gruele heite, at om ikkje dinnja bossa kjeme snart, so ligge eg strake nett so ennj kakka pale, klare te å ausast ombord."

 

Det skal seiast: Du kan vere sikker på at han verken frys i hel eller dånar, han berre likar å være mentalt førebudd på kva som helst. ;-)

Bulendingane er ein sjeldan sort. Vi er slett ikkje så mange. Men vi prøver å ta godt vare på det vi har her ute - både folk og omgjevnader, og håpar de vil komme hit og oppleve denne spesielle staden. Om de tek med i berekningane at været kan skifte brått og brutalt, er eg viss på at de ikkje vil angre. Det finnast ikkje noko liknande andre stader. ;-)

 

Bulandet - eit lite land i den vide verda,

men eit stort land i hjarta våre!   ;-)

Alle øyane i Bulandet er oppbygd av konglomerat, som inneheld utruleg mange forskjellige steinsorter og farger.

 

Konglomerat er ein sedimentær bergart. Konglomerat er ei samansetjing av blokk, stein eller grus, og eit matriks sand, silt og/eller leire som er forsteina. Namnet kjem av latin og tyder blanding. Klastane eller bollene i konglomeratet er normalt runda, i motsetjing til dei angulære som finnast i breksjer.

Bulandet si historie er lang. Her har budd folk svært lengje. Fyrste gong det vart nemt på trykk var i Eigil-soga - der det vart fortalt at det budde fiskarfolk i eit vær som vart kalla Vitar, vestanfor Alden.

 

Seinare vart den austlegaste delen av dette området kalla Værøy, etter største øya der, og den veslegaste delen vart kalla Bue.

 Namnet kjem vel av alle buene som var sett opp her ute, til bruk i fiske- og fangst-sesongane. Her var nok mange fleire buer enn bustadhus. ;-)

 

Men desse namna førte til eindel rot då posttenesta kom i gong her i landet ;-) Posten som skulle til Værøy vart send til Lofoten, og posten til Bue fòr til Møre. Så vart det teken avgjerd på å kalle dei to øysamfunna her for Værlandet og Buelandet, seinare Bulandet.

 

Trass alt fortel det namnet, Bulandet, eksakt kva det er:

Eit land det er godt å bu i. ;-)   

Fiskeri er fortsatt ei viktig næring i øysamfunnet. Fleire båtar i kystnotflåten er heimehøyrande her. Også ein havgåande linebåt. I tillegg har vi fiskeindustri.  

Bulandet ei livskraftig bygd, og er eit sjølvstendig samfunn, med egen 10-årig skule. Du kan også finne bygdemuseet "Temaparken". Det er bygd opp av eldsjeler gjennom mange år - og folk her ute har lånt villig ut av spennande ting som dukkar opp. ;-)

Løkplanten Scilla Verna

Kyst-Blåstjerna. 

 

I Noreg veks denne planten svært få stader, og er freda her. Den kan finnast i stort tal i Bulandet, frå midten av Mai til slutten av Juni.

Havørna bur her og.

"Det blir sent tidlig der ute."

Yogi Berra

Velkommen

til

Bulandet !

 

Litt Lokalhistorie.  Øya  Gillesøy / Gjelsa.

Øya Gjelsa er ei av dei største øyene i Bulandet, og ligg plassert omlag midt i øygruppa.

 

Etter det som er å finne av oppføringar frå tidleg 1500-talet, og slik eg kjenner familie- og  gards-historia, var Gjelsa fram til slutten av 1800-talet eitt hovudbruk.  Mogeleg med fleire små "husmannsplassar" under. (her budde fleire familiar.)

 

Tvilsomt at desse "plassane" kunne omfatte særleg mykje grunn. ;-)

Også her, som så mange andre stader langs kysten, var øyane "eigd" av Vær-eigarar.. Rike handelsmenn i byane, som hadde fått råderett over slike områder, for å krevje inn skatt til kongen. Så sjølv om slekter hadde budd og arbeidd her i århundrer, sto det likevel ikkje på papiret at dei eigde grunnen dei hadde gard på.

 

På slutten av 1800-talet vart dette forandra på. Då vart det bestemt at dei som hadde bygsla grunnen hadde rett på å få ta over dette som sitt eige på papiret. Men... dei måtte sjølvakt ut med pengar for det. ;-) Eg vil tru at mange ikkje kunne klare dette. Mi slekt ordna det på si måte:

 

Det var tipp-oldeforeldra mine, Katrine og Knut, som sat som brukarar her då. Dei hadde mange born, men dei reiste alle til Amerika, untaket var Marie, born #2. Ho vart gift med ein lærar, Ole - og vart buande på ei anna øy i Bulandet, der dei eldste borna deira var fødd. 

Eldste sonen til Katrine og Knut; Andreas (min oldefar) hadde også reist til Amerika. Eg lurte lenge på kvifor han kom att. Heilt til eg fann ut av denne overtakinga. Andreas kom att med sin trulova (som var frå Værlandet) - i 1894.  Dei budde dei fyrste åra i heimehuset med foreldra hans. Då løyve om kjøp av garden var i orden, flytte også Marie og Ole tilbake til Gjelsa. I Skjøte dat. 18. - 24.jan.1898,  vert bruket skjøtt over på Ole og Andreas. Dei eigde det då altså ilag, med kvar sin lik del.

 

I 1896/97 starta også Andreas å bygge hus på nordre del av garden - og familien flytta inn der in 1898. Dei delte garden i to bruk - men ingenting var skrive om Det før i 1930;  "Skylddeling;  i to like dele, bnr. 1 Søre Gjelsa og bruk 2, Nordre Gjelsa, ark. 24.10.1930."

 

Namnet

Gjelsa har bytt namn fleire gonger - mellom Gillesøy, Gjelsøy og Gjelsa. Det hadde nok mest med skifte i skriftspråket å gjere.

Fyrste skriftleg oppførde brukar på starten av 1500-talet er ført som Gillesøy. (Gilsøen)

Det har vore mange diskusjonar på kva namnet tyder/kjem av -og dette med skiftinga mellom Gjel og Gil i tide og utide. ;-)

Men ingen har nemd det eg ser på som den mest logiske forklaringa. ;-)

Her kjem min "Ikkje ekspert-godkjende", men svært enkel forklaring på namnet på denne øya;

Gjel (frå norrønt; Gil )
"renne eller dyp fure, trang vill fjellkløft"

Denne øya er delt opp på ein spesiell måte. Du kan seie den har form omlag som ein ujamn H. ;-)
På sørvestre sida er det ein høg "håg", som vi seier (haug) og gjelet går frå nord til midten, og frå sør til midten

- alt heng saman med ein overgang som ein berre kan gå over på fjøre sjø. Ved flo gjekk sjøen tvers gjennom.
(Etter det kom veg kan vi ferdast tørrskodd uansett. ;-) ) På begge sider av nordre del er det bergvegg opp frå

sjøen eit stykke innover.

MotSør

 

Mot Nord

 

På Midten

 

Eg må seie at eit betre døme på eit gjel "til sjøs" enn på denne øya - er vanskeleg å finne. Det var ein naturleg gjennomgang

på flo sjø - og når fjøra kom kunnen ingen ro gjennom, og det vart ei heil øy. ;-)

Om det då skal sjå det so ei eller to øyar, kan nok og diskuterast om ein skal

være vanskeleg. ;-)) På nokre kart (som det under her) kan du finne namna "Indre Gjelsa" og "Ytre Gjelsa" - sett som to øyar.

 

Uansett blir tydinga;  "Øya som er delt i to av eit langt gjel/gil. "

 

Så... Gil - det norrøne ordet er då det opprinnelege. Gilsøy - blir lett til Gjelsøy - og Gjelsa - ved omskriving.

Men folk her gjekk fleire gonger tilbake til Gil - så eg reknar med dei ein gong hadde betre forståing av dette

enn vi har i dag. Vi har så til dei grader "rota bort" språket vårt. ;-) 

 

For meir lokalhistorie; Sjå også under "Pernillestø Gjestehamn".

 

Ein ting er i alle fall sikkert. Hadde ikkje oldefar min komme att frå Amerika - hadde ikkje eg sete her. ;-))

- Ingrid A. Gillesøy -

Facebook

 

Det er fint om du vil like sida vår. ;-)

Og del gjerne. Tusen takk! <3

ring oss !

+47 91691918

 

Bulandsferie - Heim
Bulandsferie

© I.A.G. Bulandsferie, Nordsjøvegen, 6987 Bulandet - Norway