Web Analytics
Ei raudfarga fuglehistorie om han Markvald
top of page
  • Forfatterens bildeInagi

Ei raudfarga fuglehistorie om han Markvald


Ein ny sommar var kommen til øya vår, og på ny skulle det bli to veker med arbeid på bøen, for å kunne fore sauene gjennom neste vinter. Nokre av dei faste innbuarane på øyane i sommarhalvåret er Eurasian Oystercatcher - eller som dei vert kalla i Norge; Tjeld. Dei lagar reiret sitt direkte på bakken, då ofte på berga ned med sjøen, og egga ligg soleis temmeleg utsett til for å bli trakka sunde, når folk og fe fær forbi. Tjelden har ein noko spesiell måte å oppføre seg på, når dei får kjensla av at nokon trugar egga, eller tjeldungane. Då flyg dei vekk frå reiret, til ein heilt annan stad - her ute gjerne til andre sida av eit sund, men likevel soleis at dei har overblikk over reiret. Der set dei seg til å lage ein veldig alur. Dess meir lyd dei klara å lage, dess betre. ;-) På dette viset håpar dei å narre den nærgåande trusselen til å tru at reiret eller ungane er ein heilt annan stad enn det som faktisk er tilfelle. Og vanlegvis virkar det. So fram til denne dagen hadde eg ikkje sett noko anna oppførsel frå denne fuglen.


Den morgonen gjekk far min og eg ut for å starte på ein ny dag med slåttonn. Vi skulle slå og ha i hus gras frå eit område lengst ned mot sjøen.



(på biletet øverst er det lengst ned til venstre mot sundet)

Sjølvsakt fann det årvisse innflytta Oystercatcher-paret ut at vi var kommen for nær. Eg gjekk ut i frå at dei heitte Marta og Markvald. I alle fall såg dei ut til å heite det. Dei starta med ein liten hylekonsert frå den andre sida av sundet, sittande på ein bergnabb bortmed naboane våre. Dei ropte og bar seg, både som solistar og i duett. Men eg og han pappa for ingen plass. Vi hadde no trass alt ein jobb og gjere, og hadde høyrt gnålet so mang ein gong før. Etter ein lang, crescendofull catcher-symfoni, kom plutseleg han Markvald flygande over til oss. Ho Marta vart sittande att bortpå berget, mogeleg vis for å være klar til å gripe inn om kallen ikkje klarte å fullføre det farefulle oppdraget åleine - eller for rett og slett å nyte synet av den modige maken. Eg reknar med dei må ha bestemt seg for at far min, som var større enn meg, utgjorde den største trusselen. So Markvald konsentrerte seg difor om han. ;-)


Fyrst landa han på marka nokre få meter frå pappa og starta å rope til han. Fuglen hoppa opp og ned nokre gonger, men fall deretter brått over, so lang han var (so ikkje var særleg langt, må vete ;-)) Han låg der på ryggen med beina rett opp i været. Totalt ugjenkalleleg kjempedaud! Eg vart nok litt sjokkert med det same. Far min såg også pågjersla og sa so til meg: “Sjå på den likkje fyren - hanj e faktisk temmele flinke te å spele daue.” ;-) Den slags skodespel vil sjølvsakt kunne virke truverdig på ein anna fugl eller eit dyr, so nok sikkert ikkje tenkjer vidare over kva som skjedde. ;-) Han sa so at eg måtte følgje nøye med kva som no ville skje vidare.


Pappa gjekk over til fuglen - nett slik fuglen ville at han skulle gjere. Då far min bøygde seg over den for likso å fange den, hoppa Markvald opp med eit kjempesprett, flytta seg so unna lite grand, og trampa så dei to små føtene sine ned i bakken - veldig hardt og veldig bestemt! Du store alpakka! Det var litt av ei tramping! ;-D Han såg far min rett i auga, og trampa igjen og igjen, heilt til pappa flytta seg mot han. Då snudde Markvald tvert - og byrgja å spasere sånn litt slentrande derifrå, kika seg over skuldra og rista på nebben. Roleg og bedageleg først - men då far min starta å gå etter, gjekk Markvald fortare og fortare på dei små raude pinglebeina sine. Til slutt sprang han så fort dei tynne beina kunne klare. Om de har sett måten pingvinane spring - og det har vel dei fleste som har tv ;-) - so veit de korleis fuglen sprang over bøen.. Og far min “sprang” etter, kopierte bevegelsane til Markvald, to springande pingvinar, ein bitte liten og ein stor - for over bøen, heile vegen opp mot husa.


Det var aldeles ubegripeleg fryktele løye! ;-)) Eg kjem aldri til å gløyme det synet. ;-)

So.. kvar gong eg ser ein Oystercatcher-Tjelde-Markvald so har eg moro av å vite at han er ein temmeleg lur liten rakkar med skodespelartalent, og sprintferdigheiter som mang ein OL-deltakar kunne misunne. I tillegg har han raude bein, og det har ikkje julenissen ein gong.

I.A.G.




42 visninger2 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page