Web Analytics
Eit ekte klenodium! - Litt gardshistorie frå Gjelsa i Bulandet.
top of page
  • Forfatterens bildeInagi

Eit ekte klenodium! - Litt gardshistorie frå Gjelsa i Bulandet.

Her ser de skrinet til eine tipp-tipp-oldefar min, Andreas Willumson, f. i 1812



Skrinet er nedarva gjennom generasjonane - og for øyeblikket er det hos meg. 💚 Eg reknar med han har fått det til 16-års dagen sin i 1828. Eller muligens til konfirmasjonen. Barnebarnet til Andreas Willumson var då min oldefar Andreas Knutson, som bygde Andreasbua. På leiligheita i tredje høgda, "Buatoppen", heng bilde av oldefar Andreas og fru oldemor Anna på eine soverommet. Desverre har eg ikkje bilde av tipp-tipp-oldefar. 😉 Men det er veldig kjekt å kunne sitte med skrinet hans i nevane. Røter er bra å ha. Sjå tekst under bilda.

- med glede delt av Ingrid Anita - 🤩




  1. Skrinet til tipp-tipp-oldefar, med skikkelege beslag, handtak og lås med nøkkel.

  2. Det kan være mykje rart i eit gammalt skrin.. og da e da i ditta her og..

  3. Andreasbua - sett frå nord, med markblomstre, som også er godt synleg frå glasa i bua :) på den tia tå året når dei e dar 😁

  4. Støvlane seier ikkje kven som eigde dei - men det er vel stor sjanse for at det var oldefar Andreas sine.:) Lykta har han sikkert brukt og.

  5. Oldefar Andreas Knutson Gillesøy f. 1870 og oldemor Anna Johansdtr. f. 1867. Bildet er frå ca 1894, då dei var på veg heim att i Bulandet frå Usa. :) Jadå, dei var der borte i nåkre år beggje to, og kom heim att so eit par. Trur vi må kallje da å gå øve bekken itte vatn. Ho var frå nabobygda, Værlandet.

  6. Ei gamal åleruse heng i taket på Buatoppen. Den har ikkje våre fiska med på månge månge år, må vete - men den får seg ein liten luftetur ut av og te.

  7. Litt av Buatoppen. Bildet på veggen viser heimehuset og Andreasbua på 1920-talet, rett før bua vart påbygd ein del.

  8. Dar heng bildet av byggherren av Andreasbua på veggen på eine soverommet.

  9. Eg kjende meg forplikta (dog med glede) å lage ei klokke til eine veggen i bua.. :) Oldefar Andreas omkom på sjøen i 1902, og vart berre 32 år.

  10. Utsikta frå eine soverommet.

  11. Litt av "Buatoppen" med sett frå spisebordet i den gamle vindearka.




Andreasbua vår - ei vaskeekte sjøbu og rorbu - anno 1897 - med endringar i 1922, 1952, 1990 og i 2016. I ein annan post skal eg skrive litt meir om desse endringane. ;-)



26 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page