Web Analytics
top of page
Forfatterens bildeInagi

Steinboret på Nordøynes

Det må nok seiast å være nåke spesielt, men ja,

det kan delast.. sånn til ettertanke..



På 1980-talet ein gong hadde pappa snakka om å lage veg i frå reset på nordre Gjelsa, og over til eit nes rett austanfor, som og høyrer til bruket. Kva praktisk grunn han hadde for det er eg litt usikker på, men han hadde no fått det føre seg at det skulle være ein veg der. Uansett, ein dag I 1987, fortalde han meg at han skulle bore nokre hol der nord, og få skyte ut gjennomgang til starten på denne vegen. Eg kom heim nokre månader seinare for å hjelpe til i slåtten. Eg budde ein annan stad, hadde sambuar og var I full jobb.

Ein dag med eg var heime i Bulandet dei sommarvekene spurte eg pappa om korleis det gjekk der nord, der han hadde starta å bore – om det var klart for sprenging. Først vart han veldig stille.. So sa han som fylgjer;

«Eg var nord og bora eit par hol. Da ligg ein bergnabb so stikk opp rett attmed bergveggen dar eg tenkte vegen skulle gå inn. Men då eg skulle bore i den sette boret seg fast. Heilt fast. Eg prøvde få da laust, men da gjekk ikkje. So tenkte eg ta eit nytt bor å bore attmed. Men før eg fekk sett da i boremaskina visste eg.. : Det e ikkje eg so skal gjere nåke dar nord, Ingrid. Da e du.»


Eg?? Eg budde Ikkje I Bulandet, eg hadde ingen planar, og eg meinte det var bror min so kom til å bli verande her på bruket. So dette forstod eg ikkje. Men måten han sa det på ga ingen rom for spørsmål, og eg sa ikkje noko.


Året etter, sommaren 1988, var eg igjen heime i slåtten. Eg og bror min sat ein dag inne i stova og snakka om eit og hitt – blant anna litt om bruket her, og framtida. Eg sa til han at eg reknar ikkje med at eg kom til å flytte ut att her, og at det var mest rett både praktisk og på andre måtar at han tok over her når det skulle bli aktuelt. So det synest eg han skulle ta med i planane. Eg huskar eg sa til han at om eg kunne sette opp ei lita hytte her ein gong, so var det alt eg trengde.


Med eitt sto pappa midt på stovegolvet. Vi kunne ikkje begripe kor kan kom i frå for han dukka so fort opp. Han sto heilt stilt og såg på oss eit øyeblikk. So sa han: «Da e finnt at de e einige og vel forlikte. Da e finnt at de har plana og tånka om framtida. Men da verte ikkje so so de trur. Da e ho Ingrid so kjem te å vere her. Og da kan ikkje de gjere nåke med uansitt ka mykje de diskutera.» So forsvant han att like fort so han hadde dukka opp.


Eg og bror min sat i sofaen og såg på kverandre. Vi fatta ingenting. Eg trur vi begge lurte på om det so hadde skjedd faktisk hadde skjedd – eller om vi var utsett for eit slags siamesisk syn. Etter eit par minutt i stillheit sa vi begge mest på likt at; jaja – lite veit vi kanskje – men vi får ta da so da kjeme – og elles e vi no einige korso. So la vi da bak oss.


For å gjere forteljinga kort: So dei fleste veit omkom pappa og bror min på sjøen i oktober 1990. Alt endra seg brått for oss tre som var att. Det enda med at eg flytta heim att – og det vart og slik at det etter kvart kom på tale å byggje hus. Eg fann ut at det måtte være ein grei plass å lage seg tomt med å fylle ut i gjelet på nordre delen av bruket og dermed få flate nok. So tenkt so gjort. Arbeidet vart starta i Januar 1997. Først kom det veg frå neset på andre sida, over eit lite sund, og opp gjelet til tomta. Og ein dag kom han som skulle lage te tomta te meg og sa: «Det ligg ein bergnabb rett nordanfor den små bergveggen i søre enden på tomta – og i den står det ein bor. Kva er det? Er det noko spesielt du har tenkt på der, eller skal eg ta det vekk?»


Då kom eg på det. Berg, ein fastna bor. Pappa, og det han sa.

So svaret mitt var: «Å ja.. Det skal stå. Ikkje rør steinen og lat boret vere so da e.»



Og der står det enno. Seinare fekk eg sett på ein bete på tvers, slik at det kan henge blomster på boret. So om nokon lurer på kvifor eg har eit bor i ein stein som stikk opp av skiferterassen, so veit de det, de som har lese dette no. 😉 Og so kan eg berre håpe at den vert ståande so lengje huset her står – uansett kven som kjem til bu her i framtida. 😊






131 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page